Hjartevarme forteljingar
som stiller krav
I Åmotsdal er Bjørg Duve så ofte og lenge ho kan. Der ser ho og høyrer, tenker tankar om samliv og kvardag, dyr og menneske. Ho pendlar mellom byliv i Oslo og freden mellom veggene på tunet i Telemark.
I dette spennet finn vi også fleire av forteljingane i boka ”Damen i blått” med undertittelen ”Nupereller” som forfattaren har gjeve ut på Lanser forlag. Stress kontra fred, konflikter som blir forsont.
Bjørg Duve har mange år bak seg som journalist i m.a. Varden og TA, deretter i tidsskrift i Oslo før ho dei seinare åra har fått høve til å konsentrere seg om meir varige litterære uttrykk.
Eldre folk vil hugse ”nupereller” som små håndverksmessige kunststykke som kan minne om blonder, og som vart slegne som det heiter, til pynt i hus og heim. Nokså tandre ting, dei er forsiktig, stillferdig pryd, nuperellene.
Slik også med Bjørg Duve sine forteljingar i denne boka, dei ropar ikkje høgt. Men fortel med innleving om forhold menneske imellom, mor og dotter, ektefeller/sambuarar osfr. Forfattaren har også sterke kjensler for barn og dyr, noko som kjem klårt til uttrykk i eit par av tekstene.
Trass i at forteljingane er breidt varierte i både tema og persongalleri, er her ein gjennomgåande tanke, og det er viktigheten av kommunikasjon, den gode samtalen og dialogen. Men av dette reiser også krav: Samtalen, det du ser og høyrer må få konsekvensar i form av forandringar, vilje og ønskje om å forstå kvarandre, legge betre til rette og ta meir omsyn til kvarandre. Det er ikkje nok å snakke, vi må endå meir lytte, forsøke å forstå og ta konsekvensar av det vi har forstått!
Bjørg Duve har ein klår bodskap i nuperellene sine, skrivne i eit lett, munnleg bokmål.
Bjørg Duve:
”Damen i blått”
Lanser forlag
Jørund A. Ruud
Bjørg Duve